Teaterpark for born, stort lokalmatmarknad, spennande føredrag og sceneprogram!
Festivallaurdagen er eit høgdepunkt under teaterfestivalen. I år vert dagen arrangert rundt Dalstunet i Dale sentrum, med liv og røre og mange spennande aktiviteter for store og små! Og alle aktivitetane er heilt gratis.
LOKALMATMARKNAD Det vert i år eit stort marknad med lokalmat og handtverksprodukt, så denne dagen bør ein ta laurdagslunsjen i sentrum. Produsentane kjem frå heile fylket, og det er berre å gle seg! Mellom anna kjem Håjen Kafé, Lomelde gard, Lending gard, Mor Villrose, Fabel kafe, Leonards forlovelse. Vikjakjøt kjem med økologisk grillmat og No 27 serverer nydeleg pizza.
TEATERPARK FOR BORN I Teaterparken er alle born velkomne! Her er det havmonstre, lydhytte der ein kan bråke så mykje ein vil, megadomino, labyrintar, såpeboblemaskin og kjekke aktivitetar ein kan være med på! Det vert disko i dansetelt med DJ a1f, og show med eldsluking og sjonglering. Solskinnspatruljen delar ut is til alle born frå sponsorane våre i Sparebank1 Sogn og Fjordane. Vi får og besøk av nokre skikkelig søte shetlandsponnier!
STRIKKEKAFÈ OG TOVING AV ULL Lydia Hann er tekstilkunstnar frå Sheland. Ho held stand der ein kan lære teknikkar for strikking og toving av ull. Ho vil og holde eit føredrag om myter, folketru og ull på Shetland.
KUNSTUTSTILLING "Frå Fjaler til Færøyene" er tittelen på utstillinga til biletkunstnar Majbritt Pauladottir. På Allmuen.
PROGRAM PÅ SCENA Det vert programinnslag på scena gjennom dagen. Grønlands vekslessong ved Varste Mathæussen og elevar frå UWC. Poetisk protest ved Espen Klouman Høiner. Dale musikkorps spelar, og det vert show med sjonglering og eldsluking. For å neme noko!
MINIFØREDRAG Årets festival er programmert med eit særleg fokus på landa kring dei nordiske hav. Inne på gamle Allmuen inviterer vi til ei rekke miniføredrag om relevante føredrag knytt til temaet. Det vert føredrag om geologi, hav og opphav, ull og honning, hest og hjort - alt som knytter desse landa saman. Kvart føredrag varar omlag 20. min.
Kl. 11.15
HONNINGSMAKING OG FØREDRAG OM HONNING
v/Terje og Leif Jarle Espedal frå Lending Gard.
ALLMUEN
Kl 11.45
OM FJELL, HAV OG OPPHAV
Historia om då Grønland og Noreg kolliderte og skilde lag, og havet og øyene som oppsto mellom oss. Føredrag av Einar Alsaker frå Sunnfjord Geo Center, Fjordkysten Geopark.
ALLMUEN
Kl 12.30
OM ULL OG FOLKETRU PÅ SHETLAND
Lydia May Hann er ein Shetlandsbasert kunstnar som arbeider med ull og tradisjonelle teknikker for toving og strikking. Ho vitjer oss med eit føredrag om Shetlandsull, og øyene si historie og folketru.Resten av dagen kan du møte henne ved tovebordet ute, der du kan lære teknikkar og arbeide fram produkt i felleskap med andre.
ALLMUEN
Kl 13.00
BAUTASTEINANE I DALSFJORDEN
Arkeolog Sigrid Hartvik i samtale med Tora og Olav Hovland, om bautasteinane og andre fornminner frå Dalsfjorden.
UTE VED BAUTAEN, KOMMUNEHUSET
Kl 13.15.
FØREDRAG OM HJORT SOM UTMARKSRESSURS
Føredrag om utmarksresurser av Jon Anders Stavang frå Norsk Hjortesenter.
ALLMUEN
Kl 14.30
OM SHETLANDSPONNIAR OG ISLANDSHESTAR
Historia til hesterasane kring dei Nordiske hav og deira opphav.