IN THE NAME (work in progress)// Tormod Tora Skår Midtbø
LAURDAG 11.09 kl. 13.00
FIRDA BILLAG
Tormod Tora Skår Midtbø er ein Oslo-basert dansekunstnar frå ytre Fjaler. Med inspirasjon fra ballroom-kultur, transstudiar og lydteori lagar Midtbø arbeid kor det vokale og danseriske står i ulike koreografiske spenningsforhold. Eavesdropper, som for augneblinket turnerar i Noreg, dreier seg til dømes om å intensivere det grenselause ved stemmekroppen gjennom vokallyd som vert forvrengt av kroppsleg røyrsle. Nokre av desse prinsippa vert vidareutvikla og satt i ein anna kontekst i In The Name, som vert delt på festivalen.
Arbeidet, som kan opplevast på laurdagen, er under utvikling, og om prosessen skriv kunstnaren: "In The Name er utvikla i samarbeid med komponist Marte Røyeng og koreografisk assistent Amie Mbye. Visninga på årets teaterfestival består av både gamle og nye idear og materialer. I dette arbeidet sporer eg opp mennesker som har koreografert korleis kroppen min interagerer med omverda, med vekt på individ som konstant vert viska ut av vår kollektive historie og av samfunnet generelt. Eg er interessert i kva som står på spel i å namngje nokon, i tillegg til informasjonen som finst særleg i valde namn. Arbeidet leikar med idéen om eit koreografisk støttesystem som syntetiserer musikalske metoder for å hugse, subversivt feminin bevegelse og kroppsleg utforskning av opasitet. I relasjon til tidlegare prosjekt går In The Name djupare inn i sonisk intimitet; ved å invitere publikum inn i dissonerande kroppslege tilstandar kor dei kjem i kontakt med det som ikkje heilt lar seg kjenne, spør arbeidet korleis vi kan anerkjenne kvarandre utan å vere gjennomskinnelige, og korleis vi kan forflytte oss frå solidaritet til ei slags radikal medskuld."
Andre sparringspartnarar: Margaret Abebe Abeshu, Deise Faria Nunes, Illse Ghekiere, Ingeleiv Berstad, Coline Cherry (illustrasjon), Det internasjonale ballroom-miljøet. Støtta av: Kulturrådet, Teaterfestivalen i Fjaler, BIT Teatergarasjen