Søndag  12.09 kl 10:30

På Joen (Hjå Kari Jensen)

MARIA - JESU MOR/Marit Østby & Teater Vestland

- Siste del av Håvard Rem sin Messias-trilogi, i leseversjon ! 

”Eg har sett son min døy. Eg sto der – på lang avstand – til dei kom og tok han ned. Eg trur det var han. I går. Vi vart fortalde at ein av dei mest mektige mennene i landet kom med tenarane sine og tok han ned. Frå korset. Josef frå Arimatea. Minister. Eg har aldri sett ein minister. Han sveipte han i eit linklede, vart det sagt, og la han i ei grav han hadde kjøpt til seg sjølv. Her i Jerusalem.”


13. mars 2020 var det klart for premiere på Teater Vestland - på den tredje og siste monologen i trilogien om Messias, skriven av Håvard Rem. Slik vart det ikkje. Skodespelar Marit Østby og regissør Bodil Kvamme måtte pent legge ned arbeidet, og gå inn i den korona-stille våren. Framsyninga vart aldri spelt. Det synes vi er synd. Difor er vi særs glade for at Marit Østby gjestar monologen med ei leseversjon av stykket, som kan oppleveast hjå Kari på Joen, midt i kyrkjetida på festivalsøndag.


I Håvard Rem sin messias-trilogi er det kvinnene som har ordet. Først kom ”Juleevangeliet - Miriam si forteljing” i 2016. Søstera til Josef (spelt av Idun Losnegård) fortalde sin versjon av det som hende då Jesus blei unnfanga ved gudommeleg medverknad. I 2018 kom ”Maria Magdalena - Jesu virke”, og vi fekk høyre om frelsaren gjennom kvinna som stod han så nær i vaksen alder (spelt av Reidun Melvær Berge). ”Maria, Jesu mor - Påskeevangeliet” med Marit Østby, handlar om kvinna som bar han fram. Marit Østbye, som speler rolla som Maria, også hadde regien på dei to første monologane.



Av: Håvard Rem, Med: Marit Østby. Bodil Kvamme hadde regi på framsyninga, som vart produsert av Teater Vestland.