SPØKELSESHUS/Fabel ungdomsteater

LAURDAG 11.09 kl. 12.00-15.00

GAMLE KOMMUNEHUSET

- Drop- in spøkelsesteater ! 

Tør du å bli med opp på loftet i Gamle Kommunehuset? Før var det fengsel i huset, og vindua hadde gitter. Det seiast at det spøker der. Og om ikkje det gjer det til vanleg, så gjer det det i alle fall no!


Vekene før festivalen vil Fabel ungdomsteater innta det gamle, historiske bygget, og lage ei stadspesifikk spøkelsesframsyning som skal spelast under festivllaurdagen. Manuset er utvikla i samarbeid med ungdommane.


Dette er drop in-teater, som spelast for små grupper. Framysninga tek i mot ti publikummarar kvar gong, og varar ca. 20 min. Ein må melde seg på i resepsjonen i 2. høgda på Gml. Kommunehus på Festivallaurdag. Her kan ein betale på Vipps - direkte til Fabel Ungdomsteater. Anbefalt aldersgrense: 10 år.


Speletider: 12.00, 12.30, 13.00, 14.00, 14.30, 15.00.


Produksjonsteam; Fabel Ungdomsteater, Frida Kveane, Martha Rolling Jakobsen, Eva Meier, Miriam Prestøy Lie, John Trygve Muleharn Evensen (lyd). Produsert av Teaterfestivalen, i samarbeid med Fabel Ungdomsteater.  Fabel er eit samarbeid mellom Dale Ungdomslag, Jakob Sande- Senter for fortellerkunst og Fjaler kulturskule. 

unsplash