EPP / Theater Corpus

EPP/ Theater Corpus 


FREDAG 06.09 KL 19.30

SAMVIRKET SCENE

Norsk sci fi-klassikar som forseggjort figurteater ! Om mennesket i ein totalitær stat.

Axel Jensen sin dystopiske roman frå 1965 er eit av dei mest bemerkelsesverdige norske verka innen science fiction-sjangeren. Romanen handlar om pensjonisten Epp, som bur i ein anonym boligblokk i byen Gambolia,  på ein namnlaus planet. Samfunnet som vert skildra er totalitært, gjennomkontrollert og gjennomteknifisert - og Epp sjølv lev eit kontrollert og repetetiv rutineliv.  


Den einaste forstyrringa i livet til Epp, er naboen Lem, og draumen hans om å bore hull mellom leiligheitane for å knytte bebuarane saman i eit fridomssøkande nettverk. Det er for farleg for Epp. Han bekymrer seg over trekken, og støvet saginga vil virvle opp. Epp er ein satire over velferdsstaten og eit antikrigsmanifest, her satt i scene som figurteater av høg kvalitet. 


THEATER CORPUS vart starta av Tormod Lindgren i 2017 og jobbar med figurteater for voksne. "Epp" hadde premiere på Ultimafestivalen i Oslo i 2022, og fekk gode kritikkar; 


"I en tid da despoter har full propagandakontroll over informasjonsflyten, blir historien om Axel Jensens science fiction-figur Epp engasjerende relevant."

(Lars Elton, Norsk Shakespearetidsskrift)


"Forseggjort figur-science fiction. 

Lindgren er kjent for sine forseggjorte figurer, og figurer og spill viser perfeksjon til fingerspissene. Lyssettingen følger figurenes intensjoner. Scenografien er oppfinnsom og morsom der Epps kjøttetende plante kommer slafsende til live eller der detaljer i Epps hundemønstertapet brått blir levende."

(Karen Frøysland Nystøyl, NRK)

Ide, regi, scenografi, kostymer og figurer: Tormod Lindgren. Dramatisering : Aina Villanger. Komponist: Lars Skoglund. Videoprojeksjoner : Peter Knudsen. Lysdesign : Oscar Udbye/Kåre Nordseth. Produsent: Tormod Lindgren. Skodespelarar:  Thomas Hildebrandt, Geir Robsrud og Dominika Minacz-Sira- Regiassistent : Oda Holmvik Bredvold. Scenografiassistent : Piotr Chrzanowski og Aaron Lindgren. Kostymeassistent : Klara Gecevic

Framsyninga er støtta av Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende, Fritt Ord, Norsk komponistfond, Spenn . Takk til Axel Jensen sine etterlatte for tillatelse til å dramatisere verket. Varighet : 70 minutter.