OM OSS

Fjaler er ein liten kommune  i Sogn og Fjordane med  knappe 3000 innbyggarar. Kommunesenteret ligg i den vesle bygda Dale i Sunnfjord, og mykje av festivalen går føre seg her.  Den fyrste Teaterfestivalen i Fjaler vart arrangert i 2013, og har gått av stabelen kvart år i september sidan.


Vi programmerer festivalen ut frå ein tematisk overbygning, og legg vekt på å skape møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå. Vi  presenterer engasjerande scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet,  og  inviterer til debattar, foredrag og andre aktivitetar med utgangspunkt i programmet.  Med tema som "Perifere forteljingar" (2013), "Skog" (2014), "Fjord" (2015), "Ras"(2016) , "Antropocen" (2017) , "Utanforskap" (2018), "Motmakt/Avmakt" (2019) har vi lagt vekt på å vere ein samfunnsengasjert festival, og leiter heile tida etter krysningspunkt mellom den lokale konteksten og globale problemstillingar.  I 2020 var koronarestriksjonane utgangspunktet for programmeringa, og vi gjennomførte ein stor festival med mykje utandørs framsyningar. No kan vi programmere meir normalt, og vi begynner på ein ny serie festivalar som kjem til å ha fokus på menneske og and, gjennom temaene Tru, håp og kjærleik. "Tru" 2021 - "Håp" 2022 - "Kjærleik" 2023.

FRIVILLIG

Vil du vere frivillig ?


Å vere frivillig er som regel den beste måten å oppleve  festivalen på; i tillegg til at det er sosialt og kjekt, får ein festivalpass og invitasjon til eit av høgdepunkta på festivalen: den store frivilligfesten laurdag kveld.


Vi treng frivillige til både billetsal, brødbaking, matnemnd, kafé, rigg, køyring, scenemannskap, brannvakt, vertskap, mm. 


Vil du vere med ?


Kontakt Miriam Susann Solheim på: 948 75 871

Eller send oss ein epost:  teaterfestivalenifjaler@gmail.com

MAT OG OVERNATTING

Mat:

I tillegg til festivalkafeen finn du -kafeane Allmuen, og Fabel i Dale sentrum. Kaia Pub har også middagservering torsdag og søndag. På festivalkafeen på Samvirket har vi enkel mat, og barservering på kveldstid. Matbutikker er open fra 07:00 til 23:00 (21:00)

 

Overnatting:

Dale motell har fine rom midt i Dale sentrum men om du er villig til å reise litt er det mange fine alternativ ein liten svipptur unna. Her er nokre tips du kan prøve:


Dale motell: 

tlf: 40070470

 

UWC Connect: www.uwcconnect.com 

tlf: 57737000

12 km fra Dale


Yndestad Gard: www.yndestadgard.no

tlf: 57737577

28 km fra Dale


Askvoll Fjordhotell: www.askvollfjordhotell.no

tlf: 57733535

22 km fra Dale


Lammetun Ferie og fritid: www.lammetun.no

tlf: 47283634

40 km fra Dale