Å BLI SETT AV EIT KJÆRLEG BLIKK I TIDE/

OM KUNSTNARSKJEBNANE TIL JOHANNES VINJUM OG SIVERT SUNDE  


SØNDAG 10.09 kl. 15.00

 LILLINGSTONHEIMEN  

Illustrasjon: "Lekende barn" av Johannes Vinjum. 

- To blikk, to ulike kunstnarskjebnar. Utstilling, samtale og afternoon tea i historiske omgjevnader ! 


Jakob Sande - senter for forteljekunst arbeider i år med temaet forløyst / uforløyst kunstnarskap. Sentralt i deira fokus i år, vert ei utstilling av Sivert Sunde frå Fjaler. Han ville til København og ta kunstutdanning, men faren ville ikkje la han reise, ettersom kunstnaryrket ikkje vart sett på som noko å leve av. Sivert Sunde tok livet sitt som ung mann i 1927.


Tjue år seinare vart den 17  år gamle Johannes Vinjum frå Aurland innlagd på Hatlestad rekreasjonshjem med poliomyelitt. Her møtte han den 80 år gamle  Laura Lillingston som også var på opphald der.  Hobbymålaren Laura fatta interesse for den unge mannen, ho såg eit talent i han og sa: “Du skal bli kunstnar”.  Dei innleia eit vennskap, og Vinjum var ein heil sommar på Tysse, der han og Laura måla mykje saman. Laura hjelpte Johannes med å søke seg inn på Kunst- og handverkskulen i Oslo, der han gjekk før han debuterte på Haustutstillinga. Vinjum har etterlate seg ei stor samling måleri og fekk ei internasjonal kunstkarriere. 


Skodespelar Torbjørn Davidsen frå kompaniet De Utvalgte har fatta interesse for denne kunstnarskapen, og tek med seg si private samling av måleri av Johannes Vinjum. Desse vert  å oppleve i Lillingstonheimen i heile sommar. 


Med utgangspunkt i desse lokale sogene, drøftar vi kunstnarskap og kunstnarskjebnar, og stiller spørsmålet: Kva skal til å for å forløyse nokon si latente skaparkraft og deira potensial. 


I panelet, mellom andre; 

Kunstsamlar og skodespelar; Torbjørn Davidsen, Hans Magnus Fure, ven av Vinjum.  Det vert servert afternoon tea ved Tone Undertun, Leonards forlaavelse.