STUMFILM/ Ine Wilmann / Sara Li Stensrud / Rebekka Nilsson / Silje Kise

STUMFILM /Ine Wilmann / Sara Li Stensrud / Rebekka Nilsson / Silje Kise


TORSDAG 05.09 kl. 20.00

SAMVIRKET SCENE

Urpremiere frå kruttsterkt team, med skodespelar Ine Marie Willmann på scena i Sara Li Stensrud poetiske og eigenarta tekst STUMFILM, om mennesketap og verdstap. 

STUMFILM er ei framsyning - eller ein fantasi. Ein draum om det som kanskje var og det som kanskje kunne bli. Ein stad der sorga over å miste veks saman med sorga over ei verd som fell frå kvarandre. Ein framsyning om å dra seg tilbake til det innerste rommet bare for å oppdage at verda blør inn overalt. 


Stumfilm vert omtala som eit basketak mellom ein billedmetta tekstkropp og ein kjempande skodespelarkropp.  Skodespelar Ine Marie Wilmann påkallar, bønnfallar, slåss og blir slått til jorda, når ho tek oss med på ei reise gjennom eit støyande flimmer av minner og inntrykk – som å zappe gjennom tv-kanalar. I klem mellom nostalgi og utopi, flyktar ho inn i framande kroppar og bilete for å sleppe unna det paralyserte biletet av seg sjøl.


Stumfilm var ein av det tre vinnartekstane på Bergen Dramatikkfestival i 2022, og vart fyrste gong presentert der gjennom ei verkstadsvisning. Trass den korte prøvetida gjekk det gjetord om Ine Willmann sin intense skodespelarprestasjon, som - saman med teksten, den fysiske regien og scenografiske konseptet - gjorde forsøket til den store festival-snakkisen. No vert endeleg stykket presentert i full skala, med urpremiere i Fjaler, og seinare turné til fleire spelestadar.


Dramatikar: Sara Li Stensrud.

Regissør: Rebekka Nilsson.

Medskapande skodespelar: Ine Marie Wilmann.
Scenograf og kostymedesignar: Silje Kise
Komponist og lyddesignar: Matthías Sigurðsson
Lysdesignar: Randiane Sandboe. Lysteknikar: Ole Stamnes. Koreografisk konsulent: Ida Wigdel
Signaturbilete: Silje Kise (design/skulptering), Markus Li Stensrud (foto). Produsent: Kristin Skiftun

Co-produksjon: Teaterfestivalen i Fjaler, Cornerstone, TOU Scene, Høstscena,Vega Scene. Støtta av: Kulturrådet, Fond for lyd og bilde, Bergen dramatikkfestival, Bergenkommune, Dramatikkens hus, Fond for utøvende kunstnere, Bergesenstiftelsen,Oslo kommune