DIN TANKE ER FRI ? / Festivalsymposium

DIN TANKE ER FRI ? 

Festivalsymposium med Rune Ottosen, Arild Lindeberg

og Bård Wormdal.


LAURDAG 07.09 kl. 11.00

KAFÈSCENA SAMVIRKET

Kor kjem våre haldningar frå, og korleis formast ein opinion ? Om ytringsrom, ytringsmot og konsesusmentalitet i den frie pressa. 


Pressa har stor innverknad på kva informasjon vi får og korleis vi ser verda. I denne samtalen skal vi drøfte media, ytringsrom og ytringsmot. Kor frie kjenner journalister seg i Noreg i dag ? Kor robuste er media -og politikarar -  ovenfor kampanjer frå lobbyister, tankesmier, interesseorganisasjoner, etterretninga hjå våre allierte og ikkje-alierte ? Og korleis er den offentlige samtalen kring dette?


Vi har i år fått med oss eit kompetent og spissa panel som kan løfte ein samtale om den frie pressa i Noreg.


Bård Wormdal er Journalist og forfattar og er aktuell med den kritikarroste boka "Spionkrigen" og "Satelittkrigen" om Noreg sitt hemmelege etteretningsamarbeid med USA.


Rune Ottosen er professor emeritus ved Oslo Met, og tidlegare professor ved journalistutdanninga. Bidragsytar i ordskifte om Noreg si rolle i Nato og i Assange-saka, han er og aktuell med biografien om Gunnar Garbi: "En fredens mann i strid". 


Arild Linneberg er professor Emeritus i literaturvitenskap ved UiB, og forfattar og omsetjar av ei rekke bøker. Han er  m.a. aktuell med ei omsetjing av Hanna Arendt si bok "Totalitarismens opprinnelse". Lindeberg er busett på Atløy.